King legg opp

Submit to FacebookSubmit to Google PlusSubmit to TwitterSubmit to LinkedIn

I dag vart det klart at Ledley King har spelt sin siste kamp for Tottenham.

Etter å ha kjempa mot skrantande kne og massive skadeproblem i ei årrekke, har vår kaptein bestemt seg for å legge fotballstøvlane på hylla.

King er noko i dagens fotball så sjeldant som ein ein-klubbs-spelar. Han har gått gradane frå guttespelar til klubbkaptein i Tottenham og har blitt i klubben heile karrieren. Til slutt vart det 323 kampar og 14 mål i Tottenhamtrøya for klubblegenden King. Det hadde blitt betydeleg fleire om ikkje alle skadane og mangelen på meniskar hadde stått i vegen.

King vil halde fram i klubben i ei ambassadørrolle. Oppgåvene hans vil i stor grad vere relatert til det samfunnsnyttige arbeidet som klubben gjer i lokalområdet, samt som mentor for unge spelarar i klubben. Han vil også ha oppgåver knytta til det nye stadionanlegget som er på trappene.

tottenhamhotspur.no kjem tilbake med ein større artikkel om King som tidlegare har stått på trykk i medlemsbladet Tottenhamsupporteren.


Siste på forumet