Drømmedag på Hotspur Way

Submit to FacebookSubmit to Google PlusSubmit to TwitterSubmit to LinkedIn

Kvart år blir supporterklubbane sin pris for årets spelar og årets mål delt ut på eit arrangement på treningsfeltet Hotspur Way. I år var også Tottenhams Venner representert. Det vart ein fantastisk dag.

Denne artikkelen står på trykk i magasinet Tottenhamsupporteren nummer 6, sesongen 2015/16. Magasinet kommer i posten til alle medlemmer av Tottenhams Venner i uke 26. 

Hovudformålet med utflukta til Tottenham sitt treningsfelt var å få vere med på seremonien for overrekking av prisen for årets spelar og årets mål. Men med på kjøpet fekk vi mykje meir.

Arrangementet hende dagen før årets siste heimekamp, og London og omegn viste seg frå si beste side vermessig. Det gjorde at det berre var behageleg med ein halvtimes spasertur frå togstasjonen til vi var framme på Hotspur Way.

Litt snikfotografering og ei bestemt melding om å ikkje tråkke på plenen ved gangvegen seinare vart vi ønska velkomne inn i resepsjonsområdet. Dette har nok blitt skrive i dette bladet fleire gongar før, men det må bli gjentatt: Treningssenteret på Hotspur Way er heilt fantastisk. Alt ser nytt ut, banene er plettfrie og alt er velhaldt. Dette vart reflektert av dei tilsette i klubben som var med på arrangementet denne dagen. Alle viste ei enorm stoltheit over å jobbe for Tottenham Hotspur og utviklinga klubben er inne i.

Artikkelen fortsetter under bildet. 

151

Programmet for dagen skulle vere litt enkel bevertning først, så ein spørsmål og svar-sesjon med årets spelar og litt program frå klubben. Men då vi kom fram, fekk vi til vår overrasking og glede vite at vi skulle få vere med og sjå førstelaget trene. Det var eit 70-tals andektige representantar for supporterklubbar frå Malaysia til Essex som følgde enkle pasningsøvingar og "sisten" i par. Når ein seier "enkle pasningsøvingar", får vi seie enkle ut frå nivået desse spelarane er på. Pasningane gjekk såpass fort at det var nok til å gjere utsendinga frå Tottenhams Venner svimmel.

Etter ein liten halvtime vart vi geleida ut frå førstelaget si treningsbane og over til presseauditoriet. Her vart det litt ventetid før årets spelar skulle dukke opp. Stunda vart korta ned med informasjon og anekdoter om klubben og treningsanlegget, og vi fekk høyre litt frå ulike supporterklubbar frå rundt ikring i verda. 

Etter kvart vart spelarane ferdige med å trene og å ordne seg etter treninga, og overraskinga var ikkje spesielt stor då Toby Alderweireld kom inn til ståande applaus og kunne motta trofeet som årets spelar blant supporterklubbane. Dagen etter skulle han også få tilsvarande utmerking kåra av alle One Hotspur-medlemane. Årets mål vart, heller ikkje overraskande, kunstscoringa til Dele Alli mot Crystal Palace. Alli kunne diverre ikkje vere til stades og motta prisen, så Alderweireld mottok denne på vegne av han.

Deretter svarte Toby på spørsmål frå salen. Han verkar som ein oppegåande kar og er i alle fall målbevisst. På spørsmål om kva som må til for å bli fotballspelar på toppnivå var svaret:

- Eg har ikkje noko liv. Du må vie deg heilt til fotballen og jobbe for å bli best utan distraksjonar. Det krever talent og hardt arbeid.

Artikkelen fortsetter under bildet. 

152

Vi fekk også vite at øyeblikket der spelarane sjølv verkeleg byrja å tenke at dei kunne vere med å kjempe om Premier League-tittelen, var bortekampen mot Manchester City.

- Det var ein vanskeleg kamp. Dei gav oss god motstand, men vi greide å vinne til slutt.

- Kva er metoden for å unngå å få gule kort? 

- Etter mi meining er det at eg forsøker å halde posisjonen min inntil eg kan ta ballen. Eg er ingen aggressiv spelar og forsvarer med innsida av hovudet, altså eg les omstenda og forsvarer ut frå det.

Toby vart også spurt om kva som er målsettinga og utsiktene for neste sesong.

- Vi ønsker å gå for å vinne tittelen. I starten av årets sesong hadde vi ikkje den mentaliteten, men no er vi skuffa over at vi ikkje greide å ta tittelen. Vi har eit ungt lag som vil utvikle seg vidare og ønsker å gå for å vinne neste år.

Det vart etter kvart også klart at det ikkje berre er vi supporterar som har eit anstrengt forhold til eit visst lag i blått sørvest i London. Det var ganske tydeleg at kampen mot Chelsea svei også for spelarane og at dette er noko dei har lyst til å hemne i løpet av neste sesong.

Etter ein runde med offisiell bildetaking og litt småprat, kom diverre sluttidspunktet for dagen vår på treningsanlegget. Heldigvis var det ikkje langt til nærmaste pub, der ein kunne få seg ein matbit og ei forfrisking og fordøye inntrykka. Vi får håpe at Tottenhams Venner får høve til å sende fleire medlemar på tilsvarande arrangement i framtida, for dette var veldig, veldig moro. 


Siste på forumet